Me har forståing for at mange av våre kundar no i denna spesielle tida me står ovanfor, har behov for hjelp for å klara seg økonomisk. Me vil gjøre vårt beste for å hjelpe folk og bedrifter gjennom krisa. Me forventer mykje pågang i dagane framover, men vil gjøre vårt beste for å hjelpe alle. For at me skal yte best mogleg hjelp er det viktig at du er forberedt. Her er nokre råd til deg som treng bistad:

1. Stans variable utgifter

Når inntektene svikter er det viktig å sjå på utgiftssida. Vurder kva utgifter som kan stoppas, inkludert permitteringar. (meir om permitteringar og korona på NAvs nettsider)

2. Få oversikt over faste utgifter

Få oversikt over dei faste kostnadane som vil påløpa uansett stans eller reduksjon i drift. Lokalleie og kapitalutgifter er typiske eksempler på dette.

3. Sjå på likviditeten og legg ein plan

Kor god er likviditeten i dag og kva er behovet framover? Korona-krisa rammar ulikt. For nokon er det full stopp, for andre kan det vera mogleg å ha redusert drift, eventuelt skaffa nye inntekter ved anna aktivitet. Legg ein plan for kva du tenkjer å gjere på kort og lang sikt, og sett opp budsjetter slik at du får oversikt over likviditetsbehovet.

4. Sjekk kva myndigheitstiltak som kan gjelde deg

Har myndigheita lagt fram tiltak som kan gje deg kompensasjon / støtte er dette eit godt grunnlag for å gje midlertidig finansiering.

5. Kva ynskjer du av banken?

Når du har fått oversikt over likviditeten og lagt ein plan for kva du ynskjer å gjere, veit du også kva økonomisk bistand du har behov for. I denne krisesituasjonen vil me som bank kunne vurdere avdragsfriheit, kassakreditt eller nye lån.

6. Finn fram siste rekneskap

For at banken skal kunna vurdera å yta kreditt, må me ha oppdaterte rekneskapstall. Om ikkje rekneskapen for 2019 er fullstendig, bør du ha relevante tall å presentera.

7. Er kapitalbehovet korona-relatert?

Det er ikkje slik at alle bedrifter vil få lån og avdragsfriheit på grunn av koronakrisa. Dersom bedrifta har gått dårleg lenge før koronakrisa inntraff, er det ikkje sikkert me som bank er i stand til å hjelpe bedrifta. For nokon virksomheiter kan det vere meir riktig for eigarar og kreditorar å avvikle drifta.